Home Nyheter Undringer om tid og human globalisering

Undringer om tid og human globalisering

Har du høyrt historien om indianarane frå Amazonas som skulle forhandla med storindustrien som opererte i regnskogen? Indianarane, som aldri hadde sett eit fly før, skulle fly til Kennedy Airport i New York . Der sette dei seg.  Og dei vart sitjande. Etter tre døgn holdt dei på å bli arrestert. Indianarane venta berre på å få meg seg sjelene sine.  «We are waiting for our soul to catch up»

Tida er ein demokratisk ressurs, lik for alle, men eg undrar på om opplevinga av tida har endra seg i takt med  utviklinga. Vi høyrer historier frå den langsame tida som var,for i dag går tida så fort, seier folk som har mykje dei skal ha gjort,medan dei tastar med fokuserte skjermblikk.

Eg verdset augneblink når tida står stille, når eg møter folk ansikt til ansikt og høyrer forteljingar om det djupt menneskelege. Tilstades og engasjert i detaljerte, sanselege historier, eit landskapet som sameinar oss, uavhengig om vi er frå Nepal, Mexico, Oslo eller Voss.  Utanfor allfarveg i Afrika får eg spørsmål som;kva stamme tilhøyrer du?  Eg svarar at eg ikkje lever i noko stammesamfunn, vi er ferdige med det, men i det moderne forretningslivet, fortel eg vidare,der har folk starta med å spørja kvarandre om kultur,formål og meining. Dei vil ta tida og historiane tilbake. Det lønner seg.

God menneskeleg forståeing av endring

Om hundre år er allting gløymt, er ei formulering som lever etter forfatter Knut Hamsun, men dei digitale avtrykka våre vil sannsynleg leva lenge.

Teknologihistoria fortel om utvikla til menneske, om korleis nye verktøy blir skapt, korleis teknologien endrar omgivnadene, korleis nye løysingar utfordrar og påvirkar oss og korleis globalisering er drivar for endringa.  Økonomisk og menneskeleg.  Evolusjonen i skilpaddefart og teknologien i rakettfart. Eit tempo der kursen mot målet kanskje bør justerast undervegs?  Det er ikkje rom for tungt planarbeid på denne ferda. Utdatert. Så det er smart å bruke visdomen vår til god menneskeleg forståing av endring.  Tilhøyrigheit, meining og den gode tvilen til kvifor vi gjer det vi gjer. Tvilen som eit venterom for å oppdaga nyansane i menneske, fanga opp talentet, inkludera  og setja ljos på mangfaldet.  For deretter i handling, å skapa god endringsenergi og positive resultat.

Ei tidsreise

Eg er tilbake i Israel, eit høgteknologiland med tidskontrastar f.Kr.  Frå Jerusalem med klagemuren,  restar frå tempelet til Herodes, til mi gode veninne som er ein del av israelsk medisin -og medisinteknologi i verdsklasse.  Ei tidsreise.

Min nysgjerrigheit for menneske og medisin førte meg som nyutdanna farmasøyt til Tel Hashomer Medical Center i Tel Aviv. Der var eg med på eit tidleg stadium av IVF, In vitro fertilisering.  Å oppleva spiren til eit nytt liv gjennom mikroskop, reagensrøyr og varmeskap var magisk innovasjon. Det er nok fantastisk å laga robotar og digitale løysingar som blir lagra på eller i ei sky, men å skapa menneske i laboratoriet legg seg skyfritt mellom rytmen og strengene i hjarta.  Eit område som ikkje er flyktig, men det som varer, hjarta er berekraftig.

Oppdater til human globalisering

Vi må ta vare på det berekraftige, på hjartene til menneska, dei grunnleggande verdiane, midt i den raske endringa.  Livet vi likar å leve, saman med andre,er ikkje i takt med alt anna i tida. Eller sagt på ein annan måte, hjernen vår har endra seg lite medan vi skal forholda oss til så mykje, og deretter endå meir. Som til dømes sosiale globale nettverk som sprer hets, løgn og står for store politiske kampanjer, ikkje alltid edruelege. Slik blir det ubalanse i verda  og i det generelle menneskelege klima. Kan det finnast håp i at teknologien kan skapa meir medmenneskeleg engasjement?

I min neste artikkel om human globalisering, kjem det meir om engasjement i gode møter mellom menneske.

InnoMag legger til at Vigdis Jordal som har skrevet denne kronikken er en av Norges beste foredragsholdere, historieforteller av rang og en konferansier av guds nåde.

Tips oss

Har du et godt tips til en sak vi bør skrive om? Send ditt tips til post@innomag.no!

Pssst

Previous articleNå kan du pante en pose med flasker i løpet av sekunder
Next articleGründeruke og gründerseminaret 2019
Vigdis Jordal
Vigdis Jordal tilbyr foredrag som bidrar til å styrke engasjementet i møte med mennesker. Foredragene passer for bedrifter, organisasjoner og grupper som ønsker en verdiøkning, også mellom menneskelig. Hun har tatt spranget fra markedssjef i legemiddel-industrien til foredragsholder, konferansier, skribent og sosial entreprenør. Hun har et levende engasjement, både lokalt og globalt, blant annet gjennom foreningen Heartlift. Vigdis er utdannet farmasøyt og har erfaring fra sykehusapotek i Israel, og har jobbet i farmasøytisk industri i USA.